fredag 6. november 2015

Alkohol

I dette innlegget skal eg skrive litt om alkohol.

Det fins mange alkoholhaldige drikker. Felles for dei er at innheld stoffet etanol. Etanol gir rusverknad. Man må vere 18 år for å kjøpe øl og 20 år for å kjøpe brennevin. Det er forbudt å kjøpe alkohol dersom du er under 18 år. (Ekeland, s.72)

Dersom ei ei gravid kvinne drikk alkohol, kjemme alkoholen over i blodet til foateret, og gir fosteret same promille som mora. Eit foster kan bli skada av alkoholinntaket til mora, og jamvel kvinner med eit gaske moderat alholinntak kan få barn med alvorlege alkoholskader. I fosterstadiet blir alle nervecellene i  hjenen vår danna, og i visse periodar kan det bli danna så mykjer som 1 million celle i minuttet. Dersom fosterhjernen er påverka av alkohol i slike priodar, kan både bygnaden og funksjonen til hjernen få alvorlege skader. Barn som har blitt utsette for alkohol kan bli forseinka i utviklinga på fleire områder. Dei kan f.eks få lærevansker og konsentrasjonsvankser, og dei kan fungere dårleg sosialt. Derfor er det ikkje lurt å drikke alkohol under svangerskapet. (Ekeland, s.72-73)

I norge ligg gjennomsnittsalderen for å drikke vin og brennevin for første gong rundt 15 år, og 14,5 år for øl. Dersom me legg samann alt registrert alkoholforbruk i Norge gjennom eitt år og gjer det om til rein etanol, svarer forbruket til litt over 6 liter per innbyggjar over 15 år. Forbruket av alkohol er størst blandt unge menneske, og minker frå 30-årsalderen. Mange drikk sjeldan, men kan drikke mykje når ein først drikk. Dei som drikk i tidleg alder, har auka risiko til å bli avhengig. Dette kjem fram i ei amerikansk rundspørjing som vart gjennomføt blant 43 093 vaksne amerikanera. Her viser det seg at 49 prosent av dei som tok til å drikke alkohol før dei var 14 år, har vorte avhengige av alkohol seinare i livet. Til samanlikning vart berre 9 prosent av dei som tok til å drikke alkhol etter fylte 21 år, avhengig seinare. Ein som tek til å drikke før fylte 14 år, har 7 gonger større risiko for å bli alkohol avhengig innan ti år enn ein som tek til å drikke først etter fylte 21 år. (Ekeland, s.73)

Når alkoholen kjem ned i magen og tarmane, blir han straks teken opp i blodet og frakta rundt i kroppen. I levra blir alkoholen broten ned. Nedbrytinga skjer med jamn fart, og ho går ikkje fortare om man har drukke mykje alkohol. Det vil sei at dess meir alkohol du drikk, dess lengre tid går det før alkoholen er ute av kroppen, og man blir edru. Når ein person har 1,5 i promille alkohol i blodet, tek det om lag 10 timar før all alkohol er borte. (Ekeland, s.74)

Overdriven og langvarig bruk av alkohol fører til helseskade. Meir enn 60 ulike sjukdommar er knyttet til alkoholbruk. Generelt vil personleg dommen endre seg, og nervesystemet, levra og andre organ i kroppen bli skade. (Ekeland, s.76)


Kilde: Tellus 9, Ekeland, Per Roar og Johansen, Odd Ivar  m.fl, 2008, Aschehoug. 
·    





http://www.webforumet.no/nytte/hvorfor-ikke-alkohol-nar-man-er-gravid/






2 kommentarer: