I dette innlegget skal eg skrive litt om ungdom og mote.
Det er mange ungdommar som er opptekne av klesmote. Dei fleste går i dei same kleda som venane for å passe inn, og vil ikkje skilje seg ut frå dei andre.
Det dukkar heile tida opp nye trendar. Klesmota i dag handlar om dei nye trendane. Man må ha dei dyraste og finaste kleda for å vise at man har mykje pengar, og for å passe inn. Det er på ein måtte litt dumt for dei som ikkje har same smak som andre og som har lyst til å gå i andre klede. Dei tørr kanskje ikkje å gå i andre klede for dei er redde for å skilje seg ut. Man må ha det same kleda som venane for å passe inn i gruppa. Men er det eigentleg ungdommen som sjølv bestem moten, eller blir dei påvirka av reklame og førebilete innanfor for eksempel musikk og film? Heldigvis er det fortsatt nokon som tørr å være seg sjølv og går i det man har lyst til. Nokon går f.eks i joggeklede eller treningsklede kvar dag. Det er spesielt for dei som driv mykje med sport.
Det som er dumt er at det er nokon ungdommar som dømmar andre for dei ikkje går i dei finaste og dyraste kleda, og ikkje har den dyraste og nyaste mobiltelefonen. Det er ikkje alle som har like god råd som andre, og då er det dumt å dømme ut frå kva dei har på seg. Eg syns alle berre bør gå i det man syns er fint og ikkje tenkje på kva andre tenkar om deg.
Det finst mange forskjellige eksempel på dette med ungdom og mote. Eit eksempel er med mobiltelefon. For nokre år sidan kunne man ikkje tenkje seg at ungdom ville bruke så mykje penger på å sende teksmeldinger, og ha den kulaste og nyaste mobiltelefonen. Men mobiletelefonen har endra måten me relaterar oss til kvarandre på. Me sende f.eks ei tekstmelding og spør kvar vennene våre er, og kva som skjer. I dag er og instagram, snapchat og facebook populært å ha.
Kilder: http://rle-nett-nynorsk.cappelendamm.no/enkel/seksjon.html?tid=1316342&sec_tid=1249154
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar